av
in mandag, november 17th 2008 Lagret under: Ukategorisert
(PS: I går kom det tikkande inn ein mms frå kjære Titti-kusina mi. Ho lurte på om denne boka kanskje kunne vere rette julegåva til meg?? – Jfr innlegget. Hi hi!! Berre vent, du, Titti! Skal sjå du får ei levande geit av meg! "Å? Trur du det? Ennj om!"
)
Det nærmar seg jul, og tankane begynner gå om kva vi skal gje til familie og vener. Organisasjonar (Kirkens Nødhjelp, kanskje andre òg?) går i førjulstider ut med alternative gåveløysingar der mottakar t.d. i staden for ei vanleg gåve får ein lapp der det står at "ei geit (eller anna) er blitt gitt til …. i ditt namn". Poenget er at ein i staden for å bruke pengar på julegåver til kvarandre skal gje til naudhjelpsarbeid.
Og JA: Eg ønskjer at folk i staden for å gje meg eller andre dyre gåver på julafta brukar pengane sine til å hjelpe eit fattig menneske. Eg ønskjer det heilt ærleg og 100 %. Sjølvsagt gjer eg det! Julegåveinnkjøp skal ikkje gå utover evna til å dele med dei som verkeleg treng.
MEN, og her kjem mitt poeng, ikkje fortel meg om det, og du treng ikkje gjere det knytt til jula. Grunnen er enkel: Eg syns ikkje at talet på kroner ein gjev for å hjelpe skal kringkastast. Eg syns at kvar og ein skal gje av si eiga lommebok det ein føler ein kan, og det skal skje i det skjulte.
Eg syns ikkje det er rett at vi skal bruke jula til å "vise fram" kor mykje pengar vi har enten det no er i form av dyre gåver til kvarandre eller i form av u-hjelp.
Støtt Kirkens Nødhjelp og andre på det jamne resten av året i staden for å blande det inn i ein evt julegåvehandel. Eg syns det er den rette måten å gje på; i det skjulte. Det er det jamne tilsig, den konstante bevisstheita om nauda der ute, som er viktig. Ikkje skippertak knytt til dårleg samvit i juletider. Det er ikkje "finare"/"rettare"/"betre" å gje til fattige på julekvelden. Det er ikkje eit større offer. Det handlar om prioritering.
Eg prioriterer å kunne glede meg og familia med små, koselege gåver i jula. Vi skal ikkje ha så innmari dårleg samvit for det. Det er kjekt med tradisjon. Forventning. Kjekt å glede kvarandre, også her vi sit i vår materielle overflod. Dette gjer vi då også ellers i året! Ein sjokolade, noko vi har laga, baka, eit kubbelys, ein pakke serviettar. Noko personleg om ein får det til. Ein liten søt engel… Noko frå meg til deg, deg til meg. Dette kan, og bør, gjerast både billig og enkelt.
For nokre vil det kanskje vere ok å berre kutte gåvene heilt. Her må ein gjere som ein føler for.
JULA ER INGEN INNSAMLINGAKSJON, EI HELLER EIN KJØPEFEST!
Så: Kva er eigentleg jula? Jesus? Kva stod han for? Kjærleik. Til din neste. Også dei du har nær deg.
Julekvelden er kanskje den av alle kveldar i Noreg der flest føler seg einsame og triste, ironisk nok. Forventningar om familiekos og julestemning blir ikkje alltid innfridde. Kontrastane er store.
Å vere nordmann i jula og føle seg åleine og/eller ulykkeleg vil eg tippe skaper ein hunger som er minst like ille som å ikkje ha mat.
Eg velgjer altså å rette blikket mot det nære desse dagane. Ikkje tenkje u-hjelp. Ikkje tenkje dyre gåver. Tenkje "sjå kvarandre". Kontakt.
Kanskje Kirkens Nødhjelp kunne ha det som fokus neste førjulstid: "Sjå hungeren i ditt eige nærmiljø."
Men… Dette var mine tankar. Same kva måte ein gjer det på;
- DET VIKTIGASTE ER HJERTET BAK, TANKEN BAK, DEN GODE HENSIKTA.
Får eg ei julegeit gledar eg meg over omtanken bak den gåva òg.
( Er du sint på meg no, så les gjennom det eg har utheva ein gong til før du kommenterer.
Kvir meg litt til responsen her…. :-O )
Tips oss hvis dette innlegget er upassende